fredag 4. september 2009

Norges vakraste bloggar?

Det er mange bloggarar i dette landet, og dei fleste er vel som meg, passe slitne i kantane og med pondusen på rett plass. Det gjeld derimot ikkje Åse. Ho er vakker og til dei grader inteligent, og blond og nord-norsk!

Kan det bli betre, spør eg. Vakre kvinner frå Nord-Norge med sans for mote, journalistikk og litteratur burde det vore mange fleire av. Men enn så lenge så held det lenge med Åse. Eg les alt ho skriv, og ho skriv mykje. Eg er sikker på at ho er ein av dei vi vil få høyre og sjå mykje meir til i åra framover!

Her er bloggen hennar: http://ase.blogg.no - les og lær!

Ingen kommentarer: