onsdag 2. september 2009

Nachspiel og forkjølelse


Eg er då altså student i år, og difor bur eg no i kollektiv med tre unge karar. To av dei er på byn i kveld, og det blir garantert nachspiel. Eg derimot er kraftig forkjøla og held meg heime.


Eg burde vel vore vaksen og tenkt at "nei, ditta kara - da gaor ikkje", meeeen slik er det ikkje. Eg likar tanken på at C og K kjem heim att til huset vårt med nye erobringar, nye offer for deira unge og "galne" haldning til det andre kjønn.


Eg innser at sjølv er for gammal til å jage på den måten. Ser heller på meg sjølv som høvdingen som vurderer byttet som dei unge krigarane har henta inn!


Dei burde jo sjølvsagt dele byttet sitt med høvdingen, men eg får vel klare meg med paracet og nasespray, i alle fall denne natta. :-)

Ingen kommentarer: