onsdag 2. september 2009

Myter om kvinner


Det er mange myter om kvinner, og eg vil tru at dei aller fleste stemmer. Som til dømes at Nord-Norske kvinner er som huldra; mystiske, magiske og ein god porsjon nymfomane. Slik vil eg i alle fall at det skal vere.

Okei, eg innrømmer det lett. Eg har ikkje mykje erfaring med nordlendingar, tromsværingar, finnmarkingar eller samar for den del.

Men dei eg har hatt har vore bra. Ville i halmen og passe galne. Men trass alt bur det jo fleire hundre tusen kvinner i våre tre nordlegaste fylker, og alle kan vel ikkje vere slik at dei skrik etter kjønnsorganet ditt og får serieorgasmar så tørrfisken sprett i alle retningar?

Vel, ikkje veit eg, og eg kjem vel neppe til å få teste så frykteleg mange Nord-Norske kvinner gjennom livet. Difor vel eg å leve på myten og draumen om korleis dei er -desse flotte damene som har vakse opp på torskerogn og reinkjøtt!

For å avlive i alle fall nokre myter:

http://www.dinside.no/350450/6-myter-om-sex

Ingen kommentarer: